Olav Ryland forteller om Åpen Bibel

Åpen Bibel oppstod i 1970 – 71, då Herren tala til oss om tenesta i Norge. Han tala om å være trufast med Hans Ord.  Nøkkelversene me fekk var 2 Kor. 2, vers 15 til 17:  For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt; ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste. Kven er vel i stand til dette? Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som vil gjera pengar på Guds ord. Nei, med eit oppriktig sinn, på Guds vegner og for Guds andlet talar vi i Kristus.

I byrjinga var det leirar og trening av born og unge som stod i fokus. På Frekhaug og ulike stader på Vestlandet var det mange born og unge som fekk eit nytt syn på Jesus. Arbeidet fekk framgang då Herren åpna dørar til Filippinene. Kanskje det meste og det beste resultat av Åpen Bibel sitt arbeid har kome i frå dei åra me har fenge vore ”medarbeidarar” med dei nasjonale arbeidarar mellom folket der.  Tore og Rune har ”gitt sitt alt” for å fremja dette arbeidet, og har funne hjelp til det mellom dei mange vener i Noreg. Trufaste arbeidarar, slike som Rune og Unni Fagerdal og Tore og Nichola Vindenes har fortsat i det same spor som Herren gav oss å virka. Me alle minnest den Ånd som Oliva Høines brakte med seg i alt ho gjorde. Den velsigning kan neppe målast her på jord! Dei Menighetar som er planta der ute har samme Visjon og samme lengsel til Herren og Hans Ord – det å få være trufast til Herren! Arbeidet no består av Åpen Bibel Filippinene og Åpen Bibel Canada. 

Og så litt Nytt fra Canada.

Arbeidet her i Canada Nor (mellom Cree-folket) har vorte mykje hindra gjennom tida av forholdet mellom Indianaren og dei kvite. Mykje vondt har vore gjort -  og mykje har vorte hindra gjennom uforstand og gal tankegang – også av oss kvite misjonærar. Me har mykje å venda om frå, som kvite brødre. Det område som har vore mest på våre hjerter i Åpen Bibel, er dei tre provinsane i Central Canada.  Trass i at me har fenge virka frå Hudson Bay og Vestover nesten til Rocky Mountain, så er her likevel mange unådde bygder-landsbyar. Men me er ikkje åleine i dette Nordområdet – Herren reiser up sine vitner. Mange har kjent kallet frå Herren – også kallet frå Indianaren, (”Kom over og Hjelp oss”).  Til og med har dei kome hjelpere frå Norge. - og me som trudde me var åleine! Men no er det vekkings-tider i Norlandet!

Her, på Hobbema Reservatet har me fenge nåde til å virke desse siste åra. Mykje vondt har vorte utrent over heimar og folk frå alkohol or narkotika. Mange unge er djupt skada og har myst livet – mange har enda livet sitt i håpløysa. - men der er og unge og vaksne som har funne Frelsaren Jesus!

Herren har no sent oss hjelp, og arbeidet går bra framover. Louis Bull Kyrkja går framover også, og me har to-tre nye familiar som har teke over virket samans med Tammy og Don (med 6 ivrige døttre) Me har og kome i gong med ein ny Husmenighet i heimen til Gamle høvdingen på Samson Reservatet.  Gaven og Desiree er ledarar no, og gjer eit godt arbeid. Me måtte kjøpe bil for dei så dei kjem seg runt på Reservatet – Den kom på  kr. 30.000, om nokon vil være med å støtte den saka. Desiree ventar små denne månen. Dei har og funne seg ein god heim.

Heller ikkje her i Canada har Åpen Bibel vorte kjent som ein organisasjon, og det er me glade for - Herren fører rekneskapet! Me har fylgt Visjonen vår.

Så er de alle helsa frå oss her i Canada – Hugs oss fortsat i bøn!

Frå Ida og Olav.